22. juni 2018
Fargerikt bybilete
Gatekunst. Når eg ser slike fargerike måleri på veggen, stoppar eg opp nokre ekstra sekund. Kjenner eg blir ekstra glad. Stavanger har mange, og det hender stadig vekk at eg oppdagar nokre nye. Nye i mine auge, i alle fall :) I Moncton fekk dei i fjor tretten slike veggmåleri, blant anna den blå fuglen (blue jay), havmannen og også den store på studentblokka på campus. Fuglen er laga av Étien, den gamle, fargerike mannen av Kevin Ledo og havmannen er laga av WD. Litt usikker når det gjeld dei to andre, men diggar uansett at ein slik kunst kan vere så allmenn, så tilgjengeleg. Så mykje fargar, stilige motiv, raude ballongar, midt i sentrum. God og fargerik fredag, alle saman!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Herregud så fine <3 Dette har vi ingen av i Hamar.. Ikke bra nok! Godt å høre at det er mange i Stavanger, Oslo har også mange!
Blir rett og slett i ordentleg godt humør når eg ser slike måleri! :) Og er glad dei har mange også her i byen <3
Legg igjen ein fin tanke