1. feb. 2017

King's Cross

Det fyrste me gjorde etter å ha ete frukost torsdagsmorgon, var å ta tuben frå Paddington stasjon til King's Cross. For dei som ikkje veit det, er det jo her Hogwarts Express går frå, nærmare bestemt frå plattform 9 3/4. Og for dei som enno ikkje veit kva eg snakkar om, er det så klart Harry Potter (eg må verkeleg vurdere å ha ein eigen HP-kategori her på bloggen snart...). Eg visste at det gjekk an å ta bilete foran plattformen, men eg var ikkje heilt klar over at det var såpass kø (sikkert ikkje lang om ein samanliknar med turistsesongen), og at det står ein og deler ut skjerf og viser korleis ein skal stå og at det er ein halvproff fotograf som tek bileta. Ein er ikkje pålagt å kjøpe bileta, men på grunn av litt dårleg tid og feil objektiv, enda eg opp med å kjøpe to bilete, eit der eg står stille og eit der eg hoppar så høgt eg berre kan. Artig minne å ha for ein som er HP-fan ⚡️

4 kommentarer:

teabooks sa...

Jøss, jeg var ikke klar over at det var køordning! Men det forundrer meg ikke. Er nok mange HP-fans som vil gjøre som deg. Fine og morsomme bilder, og ikke minst fine minner!

Silje sa...

Den køordninga var heller ikkje eg klar over, men det var no heldigvis ikkje så altfor ille. For bileta blei morosamme, og det er eit kjekt minne frå ein bra Londontur :D

neverendingcircles sa...

Kule bilder! :D

Silje sa...

Ja, ikkje sant?! Litt artig å vere både turist og fan samstundes :D