6. feb. 2017

Studiotur – del 1

Okei, no kjem det eit ras med bilete frå Harry Potter-studioet. Eg veit ikkje enno kor mange blogginnlegg det blir frå vår tur rundt i studioet, for eg tok mange bilete, ja, kanskje litt for mange. Ordentleg stas å sjå det store studioet utanfrå medan me venta på billettane, for eg hadde jo lenge gleda meg som ein liten unge ;) Inne blei me møtt av store bilete på veggane, eit enormt juletre (for sidan me var der i januar, var det framleis "Hogwarts in Snow"), den lyseblå flygande bilen frå film nr. to, og i inngangskøen fekk me sjå bøttekottet under trappa. Ikkje store plassen å bu på.


Etter å ha blitt vist ein liten filmsnutt med små intervju av hovudrollene, var det nokre som fekk komme fram og opne døra inn til The Great Hall, eller Storsalen på norsk. Salen er som ein stor aula kor alle møtast, der dei et frukost og middag, les posten og har "heksamen". Så stort og så mange detaljar, alt frå liksommaten til kostyma, dei flotte ornamenta, og dette var berre byrjinga.


Gjennom heile studioturen, fekk me sjå mange av dei originale kostyma, og eg må berre seie at bileta ikkje yter kostyma rettferd. Rett over kan ein sjå kostyma frå blant anna The Yule Ball og frå bryllaupet til Fleur og Bill. Du kan tru eg storkoste meg desse timane denne fredagen :)


Alle dei snakkande bileta og trappane som lever sine eigne liv. Kanskje ikkje i studio, men dei gjer no det på film ;) Stilig å sjå tryllestavane og Mirror of Erised, det var heile vegen så mykje å sjå, så mange detaljar som ein plutseleg fekk auge på. Sukk, skulle hatt endå ein dag på denne staden.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Helt enig i at bildene ikke gjør kostymene rettferdighet! (Tror det er vanskelig uansett hvor flink du er til å ta bilder.) De var nydelige. Det var helt fantastisk å være der og det er en opplevelse jeg ofte tenker på fortsatt. Tror nesten jeg må ta meg turen dit enda engang. Magisk! Jeg fikk forresten åpne døra inn til the Great Hall ;) *skryteskryte* Haha!

Silje sa...

Veldig gøy å ha bileta å sjå på, men det var jo noko heilt eige å vere der og sjå alt "i levande live". Kjenner meg igjen når du seier at det er ei oppleving som du enno tenkjer på :) Hi, hi, litt artig det med døra, då :D Og ja, endå ein tur hadde eg garantert sagt ja til!

Legg igjen ein fin tanke