12. feb. 2017

"Fina vêret" og andre kjekke saker

Jobb seks dagar denne veka. Okei, alle dagane har ikkje vore fulle arbeidsdagar, men eg kjenner det er greitt at ikkje kvar veke er slik. Heldigvis, som eg skreiv på fredag, trivst eg godt på jobben, så eg skal ikkje klage ;) Vêret har vist seg frå si beste side, og det har vore ein fryd å sykle til jobben. Elles har det ikkje skjedd så veldig mykje; eg har lese litt i nokre bøker kvar dag, blogga kvar dag (!), me har gått to små turar, diskutert kjøkkenoppussing, sett endå ein Fred Astaire og Ginger Rogers-film og tatt livet med ro. Berre nokre timar igjen til måndag, og under kan de sjå vekas oppsummering:

✦ kjøpe to fine Mummikoppar, dei aller fyrste for vår del
✦ ein katt som denne
✦ sola som skein så flott på husveggen i går då eg kom heim frå jobb
✦ ein ny episode av Synne sin podcast
✦ sitatet "Oh, that's a relief. I hate Greek drama, when everything happens offstage", sagt av Lady Violet i fyrste episode i sesong to av Downton Abbey
✦ like ei av bøkene som eg les til eit vurderingsmøte i mars med jobben: Stavanger Stories 1
✦ tanta mi sendte meg denne lenkja som viser eit hotell med 50 000 bøker
✦ løyse kryssord saman med den finaste
✦ sende noko i posten til ei god veninne og få høyre at det kom fram og fall i smak
✦ artig bileteserie der unge byttar klede med dei eldre
✦ tetid ein kveld midt i veka
✦ sjå ein kul strikkegenser inne på Fretex
✦ spennande krimbok
✦ trur ikkje det blir ein vane, men litt kjekt å blogge kvar dag denne veka
✦ så mange nydelege toner av blått i dette innlegget hos June
✦ byrje å øve på notane til filmmusikkonsert me skal ha med orkesteret om halvannan månad
✦ sjå ferdig den rare og artige serien Dirk Gently's Holistic Detetive Agency
✦ denne plakaten som illustrerer filmane til Fred Astaire og Ginger Rogers
✦ sykle til jobb i strålande sol og knallblå himmel sjølv om det var kaldt
✦ "Det här med att blogga"Madeleine tar opp viktige punkt når det gjeld blogging
feire morsdagen med middag heime hos mamma og pappa, spele spel saman med dei og tanta mi
✦ bestemt oss for ein farge me skal ha på veggen på kjøkkenet

2 kommentarer:

Lisa Dalby - Bokfiol sa...

Det hotellet! Verdt å reise til Portugal bare for det, haha!

Silje sa...

Jepp! Det ser så utruleg fint ut, sjølvaste bokparadiset :D