16. feb. 2017

Sanne gleder

Ønskjer berre å tipse om ei bok som eg fann på nyheitshylla på jobb. Som vanleg har eg ein stor nok haug med bøker som ventar på meg, men denne diktboka av Lars Saabye Christensen, og illustrert av Stian Hole, kunne eg ikkje vente med å ta med meg heim. Den er ikkje særskilt lang, og ganske lettlesen, men akk så fin, både teksten og illustrasjonane. Kunne godt hatt denne i bokhylla.


"det er glede i å reise // det er glede i nærheten // det er glede i omveiene." Så sant. For meg er det glede i ein kopp med kaffi om morgonen, det er glede i ei god bok, det er glede i å vite at eg er elska. Ei vakker bok som ein kan ta fram på dei grå dagane. Les den. Beundr illustrasjonane.

2 kommentarer:

Mathilde Nicoline sa...

Denne så fantastisk ut. De få diktene jeg har lest av Lars Saabye Christensen har vært så fine. De illustrasjonene så jo helt fantastiske ut også! Legger den i kø på deichman!

Silje sa...

Er ikkje store boka, men likevel så veldig fin og nydeleg! Har ikkje lese dikta hans før men har lese, og likt, mange av romanane :)