8. feb. 2017

Ladurée og Mummibutikk i Covent Garden

Tilbake til torsdag for to veker sidan. Den fyrste heile dagen i London tok me som nemnt turen innom The British Musuem, og etterpå fann me veien til Covent Garden. Me var i og for seg mest interessert i Covent Garden Market – ein stor marknadshall med alt av små butikkar og raritetar.


Ein av butikkane som eg hadde sett meg ut på førehand, var den finaste makronbutikken Ladurée, ein butikk me også var innom då me var i New York. Ladurée er opphavleg fransk, men eg har enno til gode å besøke butikken i Frankrike ;) Åt ikkje makronane før me kom heim til Stavanger, men gode var dei no lell. Stoppa litt opp og tok ein liten pause med kaffi og crêpe hos Crème de la Crêpe.


Før me drog tilbake til hotellet og vidare til musikalen Wicked, fann me The Moomin shop. Eller Mummibutikken på godt norsk. Så mykje kult, både inngangspartiet, på veggane opp til butikken og i sjølve butikken. Glasbrikker, matboksar, T-skjortar, fine kort og så mykje, mykje meir. Eg er ikkje verdas største Mummifan, men det er jo noko ved desse figurane likevel :) Kjøpte med meg ein kjøleskapsmagnet, eit Mummihus-bokmerke, nokre små anheng og eit postkort. Med andre ord: eg handla ikkje til den store gullmedaljen, men til gjengjeld kjøpte eg kvar vår Mummikopp på tilbod her heime på måndag. Butikken, og generelt Covent Garden, er vel verd å besøke.

Legg igjen ein fin tanke