10. feb. 2017

At the theatre

Jobb heile veka, og jaggu meg er det jobblaurdag i morgon. Men så lenge eg trivst såpass godt på jobb som det eg gjer no, er det ikkje så ille :) Blir ein roleg kveld her i dag med kryssord, kaffi og ei god bok. Like roleg var det ikkje då me tok turen til Apollo Victoria Theatre (rett ved Victoria station) i London for sjå musikalen Wicked. Utanfor var det ein del trafikk og folk, og inne var det mykje, på ein positiv måt ;) Diggar songane, og sjølv om eg ikkje hadde lese så mykje om historia på førehand, sånn bortsett frå at det er ein slags forhistorie til Trollmannen frå Oz, var det greitt å følgje med. Songprestasjonane var ordentleg bra, og så mange fargar og stilige kulissar! Ville så gjerne sjå denne musikalen då me var i London for fem år sidan, og no fekk me det endeleg til!


Siste kvelden vår, drog me til Gielgud Theatre på West End der me hadde billettar til teaterstykket The Curious Incident of the Dog in the Night-Time. Stykket er basert på boka med same namn, skriven av Mark Haddon i 2003. Me har begge to lese boka for nokre år sidan og kjenner difor historia. Eg skal ærleg innrømme at eg hadde veldig lyst til å sjå endå ein musikal, men me klarte ikkje å bestemme oss for kva musikal det eventuelt skulle vere. Dimed fann me ut at teater kunne vere vel så bra :) For ei bygning, både utanpå og inne i salen! Flott lysekrone og vakre ornament. Kapitla i boka er delt inn i primtal, for hovudpersonen Christopher liker primtal. Som ei artig greie, var difor alle stolseta som er primtal markert med eit dekke og ein kul lapp. Hi, hi, er ikkje alltid det skal så mykje til for at ei oppleving blir dobbelt så bra! Settet på scena var ganske minimalistisk, men med himla bra visuelle effektar, var dette så tøft! Med både den minimalistiske stilen og dei dyktige skodespelarane, overraska stykket positivt! Verkeleg ei oppleving eg kjem til å hugse lenge! Eg skjønner godt kvifor stykket vann 7 Laurence Olivier-prisar og 5 Tony-prisar i 2013 og 2015 :)

2 kommentarer:

:) sa...

Har lest bloggen din en stund nå, husker ikke hvordan jeg ramlet over den. Men det er så koselig å se min egen by med en annen persons blikk :) Har du sett TV-serien Smash, du som er så glad i musikaler? Jeg elsket den, anbefales veldig! Ha ei fortsatt fin helj :)

Silje sa...

"Smash" såg eg for nokre år sidan, og eg kunne fint ha sett fleire sesongar enn dei to som blei laga :) For ja, eg er jo over gjennomsnittet glad i musikalar! Og tusen takk for koseleg kommentar ^^ Håper du får ei super helg!