15. feb. 2017

Studiotur – del 2

Her heime i Stavanger skjer det ikkje så mykje nytt for tida. Me er begge på jobb, eg les mykje, han speler fotball, me går nokre kvardagsturar og me har begge to byrja å øve med orkesteret fram mot John Williams-konserten i slutten av mars. Sidan det ikkje er noko særskilt nytt å melde, tar eg eit tilbakeblikk på fleire bilete frå turen til Harry Potter-studioet. Dei øvste bileta her er frå Griffing sitt fellesrom. Sjå kor varmt og koseleg det ser ut, tenk om alle skolar hadde eit slik rom.


Neste stopp var foran inngangspartiet til Humlesnurr sitt kontor. For ei mektig og svær dør! Kontoret var ordentleg gjennomført med alle dei gamle bøkene, den vakre pulten og valhatten.


Titta også inn vindauget til Gygrid sitt hus før me traska vidare og fekk sjå sopelimar i taket og utstyret til Rumpeldunk-speling. Tenk å kunne fly rundt i lufta på ein sopelime og spele ballspel høgt der oppe. Sukk, altså ;) Eliksirrommet med Snape (Slur – eg ser eg bruker både dei norske og dei engelske namna litt om kvarandre) i spissen og den hemmelege døra inn til Mysteriekammeret er det ein ser i kollasjen. Spennande og kult å sjå alle dei rare og fine detaljane på nært hold.


Til slutt (vel, for denne bloggposten i alle fall) blei det eit lite innblikk i huset og kvardagen til familien Weasley. Familieheimen deira blir kalla The Burrow, og ein koselegare heim skal ein leite lenge etter. I tillegg er det jo ganske så praktisk med oppvask som vaskar seg sjølv, strikketøy som strikkar ein genser heilt sjølv og klokka som viser kor alle i familien er til ein kvar tid. Smart!

0 kommentarer: