3. feb. 2017

Fredagstankar om tid

Å kunne ha tid, ta seg tid. Tid til å roe ned tempoet. Til å lese ei god bok, drikke ein ekstra kopp med kaffi, skrive eit brev til nokon ein ikkje har sett på lenge, poste det dagen etterpå. Gå ein tur, hand i hand med den aller finaste. Puste inn, puste ut. Ta seg tid til å utforske nye plassar i nærleiken, eller kanskje utforske eit nytt land. Reise, men ta seg tid til å la alle inntrykka synke inn. Tid til å vere saman med dei ein er glad i, dei som verkeleg betyr noko, vener, kjærasten, familien.

Kvifor hastar me alle saman av garde? Hastar av garde til jobb, frå jobb, på veg til ein fritidsaktivitet. Hastar frå ei forelesning til ei anna, hastar frå parkeringsplassen og inn i heimen, hastar frå eit tog til eit anna. Dette blei så tydeleg for meg då me no nettopp var i London. Alle hasta. Når ein er turist, har ein kanskje generelt litt betre tid, og det er kanskje difor eg beit meg merke i det. Men me hadde også mykje me skulle nå på tre dagar, frå det ein til det andre, så eg trur ikkje me naudsynt var så mykje betre enn alle dei andre. Likevel undrar eg meg. Kvifor kan me ikkje verkeleg prøve å ta oss god tid, prioritere det å ikkje måtte springe frå A til B. Eller sagt med andre ord, prioritere bort ein eller to ting, dei tinga som gjer at me spring frå det eine til det andre. Prøve å vere meir til stades når ein er hos nokon, når ein les, når ein jobbar, når ein slappar av. Eg skriv dette som nokre små strøtankar, men også fordi eg meiner det er viktig at me av og til stoppar opp, tenkjer over dette, tar oss tid til å ha tid, gjere akkurat det ein kjenner at ein treng å gjere, gjere akkurat no. Eg skriv det også fordi eg sjølv ønskjer å bli betre til å ta meg tid. Puste inn, puste ut. No er det fredag, helga er her, og me har ingen spesielle planar. Me kan gjere akkurat det me vil, ta oss tid til å lese, gå ein tur, lage god kaffi, gjere ingenting. God helg til alle dykk fine lesarar! 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Enig! Må være kjipt å plutselig være 80 år og innse at man bare har hastet hele livet. Jeg tror ikke jeg haster så veldig mye, har generelt en del tid til å bruke som jeg vil, men vet jo at det er fort gjort å svinse rundt som et lemen når tida ikke rekker til. Jeg tror man får det bedre når man kutter ut et par ting på to do-lista og heller prioriterer det man virkelig vil. Trenger man å være hjemme denne kvelden for å slappe av og lese litt i stedet for å møte vennegjengen, så gjør man det. Da kan man heller møte venner en annen dag. Håper du får en fin søndag, Silje!

Silje sa...

Å prøve å kutte ned på den kjente to do-lista, trur eg har mykje å seie, men det er ofte lettare sagt enn gjort :P Men at eg trur mange av oss vil ha godt av det, meg sjølv inkludert, er eg nokså sikker på. Verkeleg prøve å prioritere det ein vil, anten det er å vere med kjekke folk, lese ei bok eller ta ein helgetur på hytta :) Vel, vel. Trur sundagen blir bra, og ønskjer det same til deg, Ida <3

Legg igjen ein fin tanke