7. feb. 2017

Pinssamlinga mi

Opp gjennom åra har eg laga meg ei fin samling med pins (og nokre buttons). Samlinga gjeld fyrst og fremst pins som eg har kjøpt ute på når eg har vore ute på reise, som til dømes New York eller Hurtigruta i fjor sommar. Lenge har dei alle saman vore enkelt festa på ein liten duk utan at eg eigentleg har sett så mykje på dei, men no var det nok; eg ønskja å løfte dei fram. Fann eit stykke kartong, noko restestoff og limpistol. Målte opp eit passeleg stykke stoff, limte stoffet på kartongen med limpistol og festa det godt med lim på baksida også. Kartongen kunne ha vore noko tjukkare, så eg fann nokre pappbitar i papirbosset som eg limte på baksida for å gjere det meir solid.


Klar til bruk! Ser jo i etterkant at eg kanskje kunne ha valt eit stoff med litt mindre "sprakande" fargar slik at pinsane kjem meir i fokus. Men det får duge for denne gong. Pinshaldaren står no i ei av hyllene i bokhylla i stova, og eg kan kvar dag gå bort og sjå på dei. På pinsen frå London i 2012, på svømmeknappane mine eller kanskje på merket eg fekk då Frøyatunnelen opna i 2000.

Legg igjen ein fin tanke