5. feb. 2017

Konsert, kunstmuseum og kule nyttårsforsett

Ser at det blir mange punkt på sundagslista i dag, noko som sånn sett betyr at det har skjedd mykje bra og at eg har mange fine lenkjer å dele med dykk. Det stemmer jo, men samstundes har det vore ei veke der eg har prøvd å komme i gong igjen, prøvd å lande etter Londonturen førre helg. Ting tar tid. Men – ei bra veke har det vore likevel med lesing, nokre gåturar, bra konsert med orkesteret, museumsbesøk og nokre blogginnlegg med bilete frå turen vår. Det kjem fleire, men frå Harry Potter-studioet er det særskilt mange bilete å gå gjennom, så også på dette området vil eg seie TTT, ting tar tid. Vel, det tar den tida det tar ;) Håper di veke har vore bra og at den som byrjar i morgon blir super. No ser me filmen Captain Fantastic, ladar opp til ei ny veke, og sundagslista kjem her:

✦ nybakt brød på ein måndag, og det same i dag tidleg
✦ gamle og nye bilete av forelska par
✦ solstrålar som fann vegen inn på jobb medan eg hadde kaffi- og bokpause
✦ ildtoppen vår som fortset å blome
✦ eit bilete som viser kulturforskjell på sitt beste og varmaste
✦ vere barnevakt for eit søskenbarn
✦ vakre golvfliser i entréen til søskenbarnet mitt
✦ "10 Books That Changed Our Lives" – så einig, særskilt ang. Harry Potter og The Secret Garden
✦ artige nyttårsforsett i spalten "På innsida" i Dag og Tid (denne veka skriven av Ragnar Hovland)
✦ ein vakker medley med songar frå Harry Potter
✦ sjå den gode filmatiseringa av boka Room (altså Rom på norsk)
✦ nokre boktankar inne hos Ida
✦ lese ut The Rosie Effect der eg mot slutten både lo og gret om kvarandre
✦ innom kunstmuseet der me såg ei fin utstilling av Waldemar Eides bilete og fekk prøve oss som fotograf i (det fiktive) studioet hans
✦ denne tofarga katten og dette nusselege kaninparet
✦ spele konsert med orkesteret og få roser frå trompetisten vår
✦ fuglelivet ved Mosvatnet

0 kommentarer: