9. feb. 2017

Alltid eit vakkert syn

Me har vore innmari heldig med vêret denne veka. Ganske så kaldt, i alle fall til å vere Stavanger, men med sol og knallblå himmel. Å sykle til jobb, kjenne frisk luft i andletet, solstrålar som varmar, små kvardagsgleder. Morgonane har vore superfine, og kveldane likeså. Slik som i går då eg gjekk ut på balkongen og berre titta på solnedgangen over hustaka. Eit syn eg alltid finn like vakkert!

Legg igjen ein fin tanke