31. jan. 2017

Dei flottaste bøkene på The British Museum

Eg fortset litt til med å vise fram bilete frå The British Museum. Som dei fleste større museum, har også dette museet ein større butikk der ein kan kjøpe alt frå souvenirar til fagbøker. I tillegg til fagbøker, finn ein også ein haug med skjønnlitterære bøker. Og desse bøkene, akkurat dei du ser på biletet rett ovanfor, dei kunne eg gjerne hatt med meg heim. Alle saman. Heilt nydelege omslag!


På eit av stativa i butikken, stod det nokre bittesmå bøker som blir rekna som klassikarar. Artig konsept, og både han og eg fann kvar vår lille bok: han ein av Shakespeare og eg tok med meg den knallgrøne Sherlock Holmes-boka. Hi, hi, denne miniboka kan eg jo ha med meg overalt :D

4 kommentarer:

Luisa - La Mar sa...

Fine bøker! Det er alltid så fint å gå i biblioteket og ikke minst å utforske nye :)

Silje sa...

Eg <3 bøker! Både bokbutikkar og biblioteket er noko eg set stor pris på, og det å oppdage nye bøker eller ein gammal favoritt er veldig, veldig fint :)

teabooks sa...

Herregud, tror jeg må dra dit en gang i nærmeste framtid! Savner utenlandske bokhandlere og utvalget de har. Utrolig flott!

Silje sa...

Så einig, Ida! :D Og berre vent til (mobil)bileta frå Daunt Books kjem, for der var det mykje fint, heile butikken er jo i ein eigen klasse! :)