13. feb. 2017

Portobello Road Market

Fordi eg ønska å besøke området Notting Hill og fordi loppemarknadar og brukskunst alltid er like gøy, stakk me innom Portobello Road Market den laurdagen me var i London. På ein vanleg måndag ønskjer eg å ta eit lite tilbakeblikk på marknaden. Det var nok av folk, og som mange av husa i Notting Hill var det husveggar i alle moglege fargar (fleire bilete av husa kjem etter kvart).


Måtte berre ta bilete av tubaen i vindauget (for min betre halvdel speler jo tuba). Og sjekk ut den store samlinga med gamle kamera! Andre selde etasjefat, vakre tekoppar og små fingerbjørg.


Sa eg at det var ein del folk på marknaden?! Men det var no ikkje heilt sild i tønne, så eg skal slutte å klage ;) Kjøpte ikkje nokre av desse bøkene, men vakre var dei lell. Og hei, hei, Paddington!


Forskjellige frimerke og andre merke var det også nokon som selde. Gamle Disneyblad, små illustrasjonar, ja, alt mogleg rart. Ved ei av buene var det ei som selde heimelaga magnetiske glasbrikker (ikkje med på biletet) og handlenett som viser dei forskjellige toglinjene i London. Ordentleg tøft, og me kjøpte fire glasbrikker med Londonmotiv. Elles så kjøpte me ikkje noko særskilt meir på marknaden, men likevel kjekt å berre gå rundt og titte på alt det rare som finst der.

Legg igjen ein fin tanke