27. feb. 2017

Eiganesturen

Som nemnt i sundagslista, var me ute og gjekk tur i går, nærmare bestemt det ein kan kalle Eiganesturen. Inne på Stavanger kommune sine nettsider kan ein nemleg finne kart og forklaringar til femtito kvardagsturar, ein tur for kvar veke. Me har ikkje heilt oppdaga dette før no, og Eiganesturen er dimed den fyrste av desse dryge femti turane for vår del. Ruta er nesten 9 km., og ut i frå kor me bur, starta me turen med å gå opp til Vålandstårnet. Nydeleg vêr og utsikt :)


Ledaal, ein herregard på Eiganes som no er museum (og til tider kongebustad), var ein av plassane der me stoppa opp og titta litt ekstra. For det er ganske så fint der, eller kva?! Og med tanke på kor stas og gøy eg syntest det var å gå rundt blant alle dei fargerike husa i Notting Hill, blei eg litt ekstra glad då me innimellom alle dei grå og kvite husa såg hus måla i fine og friske fargar.


Snøklokker. Sukk, dei er like vakre kvart einaste år. Såg mange på vår veg i går, og innimellom såg me også nokre små, lilla krokusar titte fram. Vêret viste seg frå si beste side, og det var gøy å oppdage nye "stiar" i Stavanger. Akkurat passe sundagstur, og eg håper på fleire i løpet av våren.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jøss, dere har jo skikkelig vår! Her er det en del snø og veksler mellom 0 grader og minusgrader. Høres ut som et fint prosjekt å gå de 52 turene, eller hvert fall prøve seg på noen av de ^^ Å gå tur løfter humøret noen hakk, altså. Håper du får en fin uke, Silje! <3

Silje sa...

For ein som ikkje er så veldig fan av snø, er det heilt greitt at snøklokkene er i anmarsj, og med det også våren ;) Trur nok ikkje det blir alle dei femtito turane i år, men det er likevel artig å prøve å gå ein god del av dei. Og det med humøret kjenner eg veldig godt igjen :D Satsar på at veka blir bra, og ønskjer deg det same <3

Anonym sa...

Skulle ønske alle slutta å male husene sine grå og heller valgte alle andre farger! :D

Silje sa...

Der sa du det! ;)

Legg igjen ein fin tanke