12. aug. 2016

Ymse småbitar frå dagane på Sunnmøre

Blir aldri lei denne utsikta! Den dagen, eller eigentleg den kvelden, me kom til Molde med hurtigruta frå Trondheim, fekk me sjå ein nydeleg solnedgang då me var komme oss til Sjøholt.
Å bli tatt i mot slik er noko av det eg set pris på med å vere på Sunnmøre. For eit vakkert syn!


Jeremias er ikkje alltid like lett å ta bilete av (har fått det til betre her og her), men eit par bilete blei han med på likevel. Til meg er han skeptisk sånn annan kvar gong eg er der, noko me trur skuldast den gongen eg kom midt på natta, trillande på ein stor, bråkete koffert. Han er no fin for det om!


Sol, varme, blå himmel, sommarkjole og is. Ikkje mykje som minner om sommar her i Stavanger i dag. På Sjøholt derimot hadde me eit par heilt fantastiske dagar der gradestokken viste tjueåtte gradar i skuggen! Vel, vel og uansett. Eg vil med dette få ønskje alle ei bra helg, med eller utan sol :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Pusen til Mor! Han har vært mye "utekatt" i sommer, men nå i disse regntider er det visst godt å ta søvntimene innendørs :-) Og så passer han på at både Mor og Far får passe doser med kos - dvs, kosen skal VI gi, mens katten ligger på fanget og maler voldsomt. Det betyr "takk", tror jeg :-)
Ja, vi var heldige med været da dere var her. Det har ikke vært så mange kaffestunder på uteplassen denne sommeren. Kaffe, is og friske bær er ikke å forakte. Takk for at du viser hvor vakkert det egentlig er på Vestlandet!

Silje sa...

Vestlandet er eigentleg ganske fint når ein berre ser seg omkring, og så klart ekstra fint når finvêret er på plass ^^ Skjønner godt at Jeremias gjerne vil vere inne no når det regnar som verst ute :)

Legg igjen ein fin tanke