Ei veke med både ferie og jobb er så godt som over. Må vel kunne seie at den fyrste veka i august har vore veldig bra med alt frå bringebærjakt ute i skogen til det å lese ei bok og to i godstolen i lesekroken. Vêret har ikkje vist seg frå si beste side, så det har blitt meir lesing inne enn ute. Men etter jobb i går var det faktisk sol og såpass varmt at eg sat ute på balkongen ei god stund. Ikkje fullt så fint i dag, men, men. Før det blir leggjetid, vil eg dele ei sundagsliste med alle fine lesarar:
✦ ta ein snartur til Mosvatnet for å sjå kor langt dei har komme med bygginga av Nye Gamlingen
✦ "Den lure trubaduren" – om Tønes på aftenbladet.no
✦ gå på bringebærjakt
✦ må berre få skryte litt av bloggkollega Ida angåande dette innlegget :)
✦ få eit tips om den spennande krimserien Springflo av ho veninna me besøkte i Bergen
✦ lese ut boka Barnepiken (The Help) og sjå filmen som er basert på boka – begge veldig gode
✦ desse to, ein stor og ein liten, er jo berre supersøte
✦ vere ute saman med eit venepar av oss, le og prate ein heil haug
✦ få Harry Potter & The Cursed Child i posten
✦ "51 Of The Most Beautiful Sentence In Literature"
✦ hugse å setje av tid til å lese, begge to, eg i godstolen og han i dagsenga
✦ prøve meg litt fram med VSCO (her er min profil)
✦ sjå Mord på Orientekspressen (med David Suchet så klart) på nytt
✦ lese alle dei fine kommentarene som har blitt lagt igjen her på bloggen den siste veka
✦ eg smilte og gret om kvarandre då eg las denne trulovingshistoria inne hos Julianne
✦ at om eg kikkar meg omkring, så finn eg alltid noko eg ikkje har sett før ved Mosvatnet
✦ hi, hi, sjekk ut denne hunden og dei søte kattungane
✦ sitje ute i hagemøbelet på balkongen etter jobb i går
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Takk for link, fine! ^^ Mye fint på lista di denne uka! Jeg likte også innlegget hos Julianne kjempegodt :) nydelig skrevet! Håper du får en fin uke! <3
Alltid like kjekt å få kommentar frå deg, fine Ida ^^ Og det same gjeld å dele ei lenkje eller to til noko eg synest andre også bør lese :) Ønskjer deg også ei bra og fin veke <3
Legg igjen ein fin tanke