Temaet denne månaden av skaperutfordringa Monthly Makers har vore vår. Det fyrste eg tenkjer på når eg høyrer "vår" eller "våren", er snøklokker. For meg er dette det sikraste og finaste vårteiknet, noko eg har skrive om i dette og dette innlegget. På grunn av mykje jobb og like mykje masterskriving har det vore knapt med tid til å gjere noko stort denne månaden (førre månad var eg ikkje med i det heile tatt). Med snøklokker som inspirasjon, fann eg ut at eg skulle lage nokre enkle postkort til å sende til nokre av venene mine. Årets snøklokker var altså motiv på korta. Printa ut bilete og mal med linjer til å skrive på, og klipte og limte bilete og mal saman.
Syntest at dei kvite konvoluttane var kjedelege, så eg fann eit par Gudrun Sjödén-magasin og klipte ut fargerike mønster som eg etterpå limte på framsida av konvoluttane. Det gjorde dei så mykje finare og meir våraktige i mine auge, for vår = fargar :) Kjekt å kunne lage noko til andre, ikkje berre til meg sjølv eller til heimen vår. Det er ikkje så mykje, men det er tanken som tel. Og ei vårleg helsing i posten er jo fint å få. Dette er altså mitt bidrag til apriltemaet av Monthly Makers.
10 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Nei, men så god ide! Likte spesielt godt konvolutt-ideen. Den skal eg ta med meg vidare! :)
Takk, fine Tone! Ikkje noko særskilt avansert, men veldig dekorativt er det likevel ;)
Otroligt fint i all sin enkelhet. Tänk så glada mottagarna av dina vackra kort och brev kommer att bli! Och jag håller med dig om att snödroppar är det mest våriga som finns...
Så fin kommentar, Ruth! :) Har allerede fått noen tilbakemeldinger om at kortene ble godt tatt i mot ^^
Ja jag ser det också som att själva gärningen är en del i bidraget, det fina i ett skicka iväg en vårblomma till någon! Underbart :')
Vackert också att det heter "klocka" på norska - mycket finare än det svenska "(snö)droppe"!
Rart det der: jeg synes "snödroppe" er et vakkert ord, så kanskje det har noe med hva man er vant med ;) Veldig kjekt å kunne sende et lite vårkort til de jeg ikke ser så ofte, men som jeg likevel er glad i og tenker på ^^
Vilken fin idé, vad härligt att få en blomma i brevlådan :D Och snödropparna är ju så himla fina!
Takk, Mikaela! :) Utrolig koselig å kunne glede noen av de som betyr mest ^^ Snøklokker er for meg det aller fineste vårtegnet!
Åh vilken fin idé! Så vackert gjort!
Så hyggelig kommentar, Wilda! ^^ Veldig kjekt å kunne lage noe som gleder andre!
Legg igjen ein fin tanke