11. apr. 2016

Liten fredagstur rundt Mosvatnet

Vêret har vore heilt upåklageleg dei siste dagane! Kjipt å måtte sitje inne og skrive, men me var ute både på fredag, i går og i dag. På fredag gjorde me det enkelt og spaserte ein tur rundt Mosvatnet. Sola varma, me fekk tatt ein liten pause frå jobb og skulearbeid og tommel opp for dialekt!


Svanene svømte rundt, like fine som alltid. Kanskje kjem det nokre svaneungar om ikkje så altfor lenge, akkurat som i fjor. Sjølv om eg har sett dei mange gongar før, er dei så majestetiske og vakre.


Før me kom oss heim, var det endå meir tommel opp for dialekt! Syklar jo langs ein del av vatnet når eg skal til jobb og eg blir berre så ordentleg glad av å sjå desse lappane som nokon har hengt opp diverse plassar rundt omkring langs stien. Kjekt at min betre halvdel også fekk sett desse lappane, og det er jo like morosamt når han skal prøve å snakke stavangersk: "Du e GOE!". Ikkje alltid like vellukka ;) Til slutt traska me heimover, heim til blant anna Beat for beat og middag.

2 kommentarer:

Synne sa...

Å, så koselig med en rusletur i solskinn og fine omgivelser - og for noen festlige lapper! Slike detaljer gjør meg så glad!

Silje sa...

Er så herleg å kjenne at våren er her, for slike turar gir både ro og energi! Og dei lappane er som du seier detaljar som gjer ein glad; når eg syklar forbi desse på veg til jobb, kan eg ikkje anna enn å smile breitt :D