10. apr. 2016

Musikalkonsert og -film

Bursdag, jobb, masterrettleiing, konsert med orkesteret og to korte, men likevel fine gåturar. Endå ei veke er på hell. Merker godt at våren er her, noko som eg kjenner er veldig herleg! Sola varmar, fuglane kvitrar og ikkje minst så blir dagane lysare og lengre. Har eigentleg ikkje så myke meir å seie anna enn at her kjem denne vekas gledespunkt, fine lenkjer og artige saker i ei og same liste:

✦ gå kledd i fargerik og blomstrete kjole frå Gudrun Sjödén på bursdagen min
✦ "Tilbud på Helgø" (via Synne) – gurimalla, så høgt me lo her i heimen
✦ lo også høgt av denne DDE-referansen ;)
✦ det heilt fantastiske vårvêret som har vore her denne veka
✦ den fine vekesoppdateringa inne hos besteste Ida
✦ musikalkonsert med orkesteret
✦ "Probably The Best Wallace Shawn Interpretation" (frå Prinsessebruden)
✦ anbefale nokre av mine favorittbøker og -filmar på jobben
✦ få den finaste Harry Potter-boka i gåve av mannen saman med lovnad om tur til London
✦ så søt kattunge og ein like søt selunge
✦ kose oss med Heartbeat etter fleire timar med oppgåveskriving
✦ sjå MGM-musikalen Meet Me in St. Louis med Judy Garland i spissen
✦ alltid like fantastiske bilete hos Jonna
✦ alle dei fine helsingane i høve bursdagen min som var på tysdag
✦ god kommentar om eksamen og dysleksi
✦ to veldig morosame videoar med James Corden: denne med Adele og denne "såpeoperaen"
✦ vakre og retro porselensfavorittar hos Signe
✦ ta oss nokre pustepausar med gåturar i frisk luft
✦ "10 Rainy Day Reads" – både The Secret Garden og Jane Eyre er med på denne lista :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Du altså, takk for link <3 Jeg har sagt det før, men sier det igjen: GLED deg til Warner Bros studios!

Silje sa...

Synest det er bra at me kan lenkje til kvarandre innimellom, peppa kvarandre. For eg meiner det når eg seier at du har ein kjempegod og finfin blogg som eg gjerne vil at andre skal oppdage <3 Og gjett om eg gleder meg til HP-studioet :D Me klarer ikkje å bestemme oss om me skal reise no i sommar eller om me drøyar det til haustferien, men det blir så kjekt uansett! :D

Legg igjen ein fin tanke