6. apr. 2016

Frå ein musikalnerd







På laurdag er det duka for konsert med orkesteret. Lokale artistar skal syngje klassikarar frå forskjellige musikalar, til dømes frå Chess og Wicked. Som den musikalnerden eg er, må eg berre innrømme at det er ekstra gøy med ein konsert som denne :) Tre av dei songane me skal spele er "Anthem" frå Chess, "Defying Gravity" frå Wicked og "On My Own" frå Les Misérables, og det er desse tre songane de kan sjå i videosnuttane over. I dei to fyrste er det originalartistane som syng songane, medan den siste er henta frå filmen Les Misérables frå 2012. I filmen var det Samantha Barks i rollen som Éponine, men det var Frances Rufelle som originalt hadde rolla i den fyrste oppsettinga på engelsk i 1985. Berre eit par musikalsongar frå denne kanten ein onsdag i april!

Legg igjen ein fin tanke