8. apr. 2016

Ildtopp i flammande oransje

Grøne fingre kan vel ingen av oss påstå at me har, men denne ildtoppen har halde seg ganske så bra i nokre månadar no (kjøpte den vel i februar). Fargen er så perfekt til veggen og resten av interiøret som me har her i stova. Ein fargerik blome som gjer meg glad her eg sit i sofaen og skriv på oppgåva. I morgon er det som nemnt konsert med orkesteret, og før sjølve konserten blir det nokre timar med øving. Med andre ord blir det mykje speling på oss i helga. God helg, alle som ein ^^

Legg igjen ein fin tanke