4. apr. 2016

Årets fjerde månad

No som eg har vist fram dei tre fyrste sidene i den kule Harry Potter-kalenderen, fortset eg med den fjerde. "Jeg velger meg april" skreiv Bjørnstjerne Bjørnson ein gong for nesten hundreogfemti år sidan. Det er det eg gjer no. April er veldig velkommen med bursdag, musikalkonsert, endå lengre og lysare dagar og ein månad nærmare innlevering av masteren (som eg nemnde seinast i går). Såg to nye lappar då eg sykla til jobben i dag: "Bra jobba" og "Du er veldig pen". Ein fin start på dagen og veka i mine auge :) Håper de alle har hatt bra start på veka, den fyrste i april!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Jeg elsker "Jeg velger meg april"! Og april blir ikke mindre fin av at lille minien vår også har bursdag :)

Silje sa...

Alltid fint og kjekt med bursdagar, og når det i tillegg er i april, skal i alle fall ikkje eg klage :) For april er ein finfin månad, sånn som med den strålande sola då eg sykla til skulen i dag! :D

Legg igjen ein fin tanke