3. apr. 2016

"Eg lige deg" ✿

April er her, og innleveringsfristen for masteroppgåva nærmer seg verkeleg med stormskritt. Som eg har sagt nokre gongar før skal det bli veldig godt å få den levert når midten av mai er her. Innan den tid blir det nok fleire dagar som kjem til å sjå ut som det øvste biletet; slik var nemleg dagen min i går. Veka har vore litt rar i og med at me hadde ein fridag på måndag og at det difor tok litt tid å komme tilbake til kvardagen igjen (sidan eg ikkje er på jobb på tysdagar, blei det onsdag før eg var tilbake igjen). Men veka har også vore ganske fin, noko ein kan sjå av sundagslista under:

✦ sykle rundt Mosvatnet og sjå herlege lappar som "Kul sveis", "Du ser snob ud" og "Eg lige deg"
✦ fine, viktige og ærlege tekstar: denne hos Sandra og denne hos Ina
✦ kjekt å vere tilbake på jobben igjen etter påskeferien
✦ kanskje eg skal teste ut denne oppskrifta på eigen vaniljeekstrakt?!
✦ øve med orkesteret og sjå fram til musikalkonserten neste helg
✦ om det å "kysse godnatt" hos Johanna
✦ middagsgjester, kake og eit par gåver i høve bursdagen min som er på tysdag :)
✦ Zelda og Zalto må jo vere nokre av dei finaste kattane eg veit om
høyre på filmmusikken frå Poldark av Anne Dudley medan eg skriv på oppgåva
✦ "Cats Who Won't Let You Read Your Book" – lo høgt av denne, ja ;)
✦ kose meg med den siste episoden i sesong tre av Endeavour
✦ "Logg på livet" – eit bra skrive blogginnlegg hos Hedda
✦ sjå The Princess Bride som laurdagsfilm med min betre halvdel
✦ sol, frostrim på bakken, raudstrupe og andre fuglar som kvitrar tidleg ein morgon
✦ eit blogginnlegg frå Gotland med nydelege bilete og tekst hos Emily
✦ å berre bestemme meg for å leggje frå meg ei bok sidan den ikkje fenga (det sat langt inne)
✦ søtaste isbjørnungeneit stort (og søtt) gjespmorosam katt og kul holepiggsvinunge

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Sykt koselig med det lappene! :D

Silje sa...

Eg veit! Sykla til jobb no i dag også, og då såg ein lapp der det stod "Du er pen"! Kjekk start på dagen ^^

Legg igjen ein fin tanke