29. apr. 2016

Fredag med masterskriving og noko attåt

Slik har min fredag sett ut, i alle fall andre halvpart av dagen. Var jo på jobb fram til nærmare to før det var heim for å pirke meir på oppgåva. Er rimeleg lei no, men no er det ikkje lenge att, så dette skal på eit eller anna vis gå bra. Prøver å slappe litt av med ei bok kvar kveld, og akkurat no er det bestseljaren Et helt halvt år. Har faktisk ikkje lese denne før no. Er så herleg å ha ei litt enkel bok som samstundes er ganske så fin ved sidan av jobb og innspurten på masterskrivinga. Blir mykje arbeid med oppgåva denne helga, men litt tid til ein tur, bok og film blir det nok likevel :)

4 kommentarer:

Ida sa...

Masse lykke til med siste innspurt, Silje! Har det ganske på samme måten for tiden, og jeg har MYE å gjøre før innlevering i juni. Hjelp! Håper du får en fin helg :)

Silje sa...

Tusen takk for knallfin kommentar, Ida! Treng sånt no når det verkeleg nærmar seg innlevering. Heiar masse på deg også ^^

tone sa...

Den boka er så fin! Las den ut på ein dag, klarte liksom ikkje å legge den frå meg. Håpar den fell i smak hos deg også! Og lukke til med skrivinga. :)

Silje sa...

Foreløpig må eg seie at den er overraskande bra! Trur nok eg har vore litt redd for at den er nok ei enkel "chick-flick"-bok, men sjølv om eg til no er berre halvvegs, merkar eg at den er så mykje meir ^^ Tusen takk for lukkeønsking; alltid kjekt å få når ein er småstressa og lurer på om ein klarer å komme i land ;)