1. apr. 2016

Påskekos på hytta

Det er allereie gått ei veke sidan me kom heim frå nokre dagar på hytta. Skulle gjerne ha vore der lenger, for kveldar med brettspel, kaffi, stearinlys, hovudlykt, fine folk og fjellro er noko som verkeleg gleder meg. Eg klarer å senke skuldrene og berre slappe av med ei bok eller quiz.


Mamma hadde pynta litt til påske med nokre kvistar oppi eit gammalt melkeglas og pynta kvistane med små påskeegg. Og så var det gul duk på kjøkkenbordet, gult kubbelys og ho veninna mi laga denne fine lyshaldaren til kubbelyset medan me var på hytta. Ordentleg kreativt, rett og slett!


Og så har me jo Milo. Med ein slik storsjarmør av ein hund, og så fotogen som han er, blei det fort nokre bilete med han i fokus, ja :) Helga som så vidt har byrja kjem nok til å bli fylt med kaffi, oppgåveskriving og musikk på øyret. Og ei god bok eller to i fanget når eg treng pause :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Tøft bilde av mannen din :-) Og for en nusselig bissevov!
Ellers vil jeg bare gi beskjed om at bursdagsgave er innkjøpt, og skulle blitt sendt før helga. Men her i huset sitter vi og hoster og snøfter, og føler oss ikke så bra, så det blir nok ingen tur til posthuset før mandag. Og da kommer nok sendingen en dag eller to for seint - håper det er tilgivelig. Men det er nok ikke noe av det du har listet opp da.....

Silje sa...

Ja, han var litt kul der han sat med den lykta på hovudet ;) Ikkje stress med gåva, det viktigaste er å bli betre, så kjem den vel i posten til slutt. Og det gjer ingenting at det ikkje er noko av det som står på lista; var vel helst mamma, pappa og min betre halvdel som gjerne ville at eg skulle komme med nokre ønske ^^

Legg igjen ein fin tanke