5. apr. 2016

5.april 2016 ✰

Og der var eg jaggu meg blitt tjueseks år! Tenk på det! Det heile starta med middagsgjester med kaffi, kaker og gåver etterpå på sundag. Av mamma og pappa fekk eg ein kaffikopp og -fat frå Anmut Platinum-serien og også såpe og bodylotion frå Body Shop – akkurat det eg ønska meg! ;) Fekk også ein fin dusjkost frå same butikken av kusina til mamma som også var ein del av besøket på sundag :) Dagen i dag starta med mange fine gratulasjonar på nettet og mobilen, og det fortsette på skulen med nokre klemmer og kake i lunsjen; eg hadde nemleg bakt litt i går for å ha med til dei fine folka som sit på skulebiblioteket og skriv på oppgåvene, dag ut og dag inn. Då eg kom heim, fekk eg gåve frå mannen min, og det viste seg at kjolen frå Gudrun Sjödén matcha med gåvepapiret ;) Inne i gåva var det den illustrerte versjonen av Harry Potter og De Vises Stein (gleder meg til å kose meg med den om kveldane) og eit kort med lovnad om tur til London og Harry Potter-studioet! :) Det skal bli gøy, det! No er det snart orkesterøving, ein kjekk slutt på bursdagen!

5 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Gratulerer så mye med dagen Silje! ^^ Og så fin du var! GLED deg til Harry Potter-studio! Det er helt fantastisk ^^

Luisa Fernanda del Mar sa...

Hipp hurra for deg!

Silje sa...

Ida: Tusen, tusen takk! Dato er ikkje bestemt, men me håper å få det til i løpet av året ^^ Må berre få ferdig masteroppgåva og slikt, så kan me byrja å planleggje :) Og takk for herleg kommentar ang. kjolen, måtte jo pynte meg litt på ein slik dag ^^

Luisa: Tusen, tusen takk til deg også! :D

tone sa...

For ein fin bursdag du må ha hatt! Og for ei magisk gåve, i ordets rette forstand! :)

Silje sa...

Der sa du det, Tone! He, he! ;) Om ein ser bort frå masterskriving, så var dagen i går ganske så fin ^^

Legg igjen ein fin tanke