13. apr. 2016

Nytt i kjøkkenskapet

Etter å ha rydda litt i kjøkkenskapet, fann eg sju kvardagslege kaffikrus me eigentleg aldri bruker. Anten har dei vore for store eller for kjedelege slik at me ikkje har brukt dei på lenge. Som ei lita gåve til meg sjølv i høve bursdagen og som ei investering til heimen vår, klikka eg heim fire kaffikrus med tefat (sjå denne lista). I går henta eg dei på posten og dette kjem til å bli bra!


Som ein kan sjå av innpakninga er krusa og tefata av merket House of Rym, men dei er tinga hos Keiserens nye trær. Eg tinga dei på torsdag og i går var dei her, så leveringstida er det ikkje noko å seie på. Og med ei fin, lita helsing i tillegg er dette ein butikk eg gjerne kjøper frå ein annan gong :)


Hanken er liten og søt, og samstundes akkurat passe. Fargane er nydelege, og om ein vil kan ein bruke grønt tefat til kruset med dei okerkule blada på og omvendt. Desse kjem til å bli mykje brukt, både til kvardags og om me vil pynte litt ekstra utan å ta fram det aller finaste kaffiserviset vårt.

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, de var kjempefine! ^^

Silje sa...

Jepp, dei er rett og slett superfine! Gleder meg til å ta dei i bruk ^^

neverendingcircles sa...

Disse var utrolig stilige!

Silje sa...

Fall for dei ved fyrste augekast og kunne ikkje la vere å tenkje på dei. Så no har me dei her i heimen vår, fine og akkurat passe :)

tone sa...

!!!! Eg elskar House of Rym, spesielt dei gule lauva… Gratulerer med fire nye fantastiske te/kaffikoppar! :)

Silje sa...

Hi, hi! Tusen takk, Tone! Må seie meg veldig nøgd, og eg blir rett og slett i godt humør, så fine er dei ^^

Legg igjen ein fin tanke