25. apr. 2016

Loppemarknad gjennom hans auge

I helga, nærmare bestemt laurdag, var planen at me skulle byrje dagen med å stikke innom ein loppemarknad i nærområdet. Eg vakna med vondt i hovudet og var generelt ganske uggen i kroppen. Det gjekk heldigvis over i løpet av dagen, men eg blei ikkje med på loppemarknaden. Min betre halvdel gjekk difor til marknaden aleine. Med seg hadde han tatt med seg kameraet slik at eg kunne få kjenne litt på atmosfæren då han kom heim. Så klart er det ikkje det same, men er jo litt kjekt å kunne sjå på nokre bilete likevel :) Ein tallerken og ein skrivemaskin var det fyrste han såg.


Elles tok han bilete av mykje rart (som han sa sjølv "eg tok bilete av noko av det raraste eg såg") og også noko fint. Radioen og LP-en var jo fine, men ein fjernstyrt dinosaur og ein matrosliknande mus er vel ikkje det eg fyrst og fremst vil ha i hus ;) Får vel heller seie betre lukke neste gong.


På veg heim måtte han visst stoppe for å ta eit bilete av denne bilen: ein knallraud Citroën 2CV. Eg veit at mamma er over gjennomsnittet glad i 2CV, og det kan eg eigentleg forstå, for det er noko sjarmerande med desse bilane (sjå forresten denne biljakta frå Bond-filmen For Your Eyes Only).

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Åhhh. 2CV ! Plutselig ser du mammaen din komme kjørende i en sånn ;)

Silje sa...

Hi, hi! Det hadde i alle fall ikkje forundra meg, for å seie det sånn ;)

Marit sa...

Veldig fine bilder! :)

Silje sa...

Takk, Marit! Skal hugse å gi komplimentet til min betre halvdel sidan det denne gongen er han som har tatt bileta ^^

Sandra sa...

Men åh, bilen! Så ljuvlig :)

Silje sa...

2CV er ordentlig sjarmerende biler, ja! :) Og den fargen er jo i tillegg veldig sprek! :D

Legg igjen ein fin tanke