30. aug. 2024

Kaféskryt!



Tar ein liten pause frå interrailbilete, og tar heller eit lite tilbakeblikk på ein tidleg seinsommardag. For august har ikkje berre vore jobb og regnvêr, men også ferie på Sunnmøre. I løpet av dagane våre der, rakk me to turar innom finaste Stolt Mat. Å, som eg elskar atmosfæren der. Retrostilen, dei blide folka og dei gode kakene. Me ønska å dele eit sjokoladekakestykke laurdagen før me reiste heim, og ho som driftar kaféen klistra på eit søtt hjarte på gaflane, tihi. Eg kan ikkje få skryte nok av denne herlege kaféen i heimbygda til mannen min. Kjekt å sjå tilbake på når eg skal jobbe i helga.

28. aug. 2024

Meir frå ein kongeleg hage






Tenk at hagen blei grunnlagt så langt tilbake som i 1840! Den har blitt utvida sidan den gongen, men likevel, det byrjar å nærme seg to hundre år. Fascinerande å sjå så mange forskjellige arter av kaktus, og den herlege buketten blomar i varme fargar fanga blikket mitt litt ekstra.
 


Rakk ei lita lesestund på ein benk, og så klart måtte me få med oss vassliljene (og viss du lurer: jepp, han der fine bar veska mi medan eg var ein ivrig hobbyfotograf). Vassliljene, både dei små og store, var noko av det aller, aller vakraste. Sukk. Utpå kvelden skulle me på turens andre musikal, og me ville jo ete noko mat før den tid, så etter kvart tusla me tilbake til stasjonen. Veit ikkje om me rakk å sjå halvparten ein gong, men det me fekk tid til å sjå og oppdage, var verd turen. For ein stad!

27. aug. 2024

Kew Gardens






Kva gjer ein når ein har ein heil dag i London?! Me var ikkje så gira på verken handletur eller museumbesøk, men me hadde høyrt folk skryte av Royal Botanic Gardens i Kew. Altså, Kew Gardens som dei fleste seier i daglegtalen. For å komme oss ut dit, måtte me ta kollektivtransport eit godt stykke. tanken var å ta Underground, men det var arbeid i sporet, så me prøvde Lodnon Overground i staden for. Og det funka bra det også. Eg trur ikkje eg kjem til å skrive så mykje, heller la bileta tale for se sjølve. Men det kan eg seie: det er 121 hektar med hage, blomar, drivhus, palmar og benkar.
 







Inne i drivhusa var det godt over tretti gradar, i alle fall om ein gjekk opp trappene til det øvste nivået. Ornamenterte og flotte trapper, mykje kondens og eg fekk med meg at den spesielle, raude blomedingsen heiter Neoregelia cyanea, så mange plantar og blomar som eg ikkje hadde sett før.


Roser i ein nydeleg oransje farge. Tihi, litt bleikfis, det har ikkje vore mykje sol på oss denne sommaren, men, men ;) Kongeblå kjole må høyrer uansett sommaren til. Inne i eit anna drivhus var det eit lite fossefall og små kumkvats. Og det kjem eit blogginnlegg til frå denne store, vakre hagen.

26. aug. 2024

Måndagsglede


Fyrstkommande laurdag er det jobb for min del, difor hadde eg fri i dag. Heilt greitt å starte veka med ein fridag. Ute har det både regna og vore solskin, det var akkurat som om vêrgudane ikkje klarte å bestemme seg. Tok meg ein liten luftetur mellom dei små regnbøyene, og elles har eg fått lese mykje. Las ut ei kjempekjekk bok og byrja på ei ny (i tillegg til dei eg allereie er i gong med...). Godt å kjenne sola som skein inn i stova, både på boka og på dei fine korta eg kjøpte då me var ute og reiste i sommar. Eg har allereie vist fram postkorta som fekk plass i suvenirboka, men av og til kjem eg over nokre pyntekort som er for fine eller søte til at eg klarer å gå forb dei. Berre sjå den søte, lille pingvinen med ballongen i handa, eg smiler når eg ser på den. Måndagsglede.

25. aug. 2024

Filmmusikkonsert som vekas høgdepunkt




Tittelen på blogginnlegget seier vel det meste: på torsdag var mannen min og eg ein tur i konserthuset for å høyre Stavanger symfoniorkester spele mykje av musikken som Hans Zimmer har komponert til filmar opp gjennom åra. Alt frå Løvenes konge og Driving Miss Daisy til Gladiatoren og Inception. "Chevaliers De Sangreal" frå Da Vinci-koden var det aller flottaste den kvelden. Nokre av dagane på jobb var veldig travle, med skulestart og ein haug med nye bøker som skulle ut på borda og i hyllene, kjente eg var sliten då helga kom. I tillegg slutta lesebrettet mitt å fungere på fredag, ordentleg kjipt! Heldigvis fann eg ein liknande modell i ein butikk i nærleiken, så eg tinga det og henta det i går. Fleire gode bøker, mellom anna ei søt bok, veka sett med mine auge:
 
Helge Torvund har med Jærkshire verkeleg skrive ein flott hyllest til både Yorkshire og Jæren 
heimelaga laurdagspizza og gjensyns med den vittige krimkomedien Clue frå 1985
kaffe latte og røvarromanen Til døden skil oss av Anders Totland
tihi, sjå kor himla søt pusen Soni var då han var liten! 
veit ikkje om eg liker at hausten er på veg, men det lille haustbladet var no eit fint syn
Hans Zimmers musikk frå kjente filmar, kjempeflott å høyre Stavanger symfoniorkester igjen
til filmusikkkonserten: kle meg i ein flott, oransje kjole
ei eng full av lavendel, scones og bøker i den nyaste vloggen til Miranda
sykle heim etter kveldsvakta og stoppe opp for å nyte synet av kveldslyset 
investere i eit nytt lesebrett dagen etter at det gamle tok kvelden 
kjekt å få gode tilbakemeldingar frå kundar, særskilt når dagane er travle
"Top 10 Greatest Musicals of the 2000s" – her er både Wicked og Avenue Q
lese ut En følelse av død, den fjerde boka i krimserien om rettsarkeolog Ruth Galloway
lesestund på kafé 
lukta av heimebakt, nysteikt brød også denne veka
ete middag på Jordbærpikene før torsdagens orkesterkonsert
boksnap med ei god veninne
fargerike blomar i regnet
altså, eg fall pladask for Finding Love at Hedgehog Hollow, den fyrste boka i ein herleg serie

23. aug. 2024

Musikal på Barbican for andre gong





Denne fredagen er eg rett tilbake til ein fredag for akkurat fem veker sidan. Me lausreiv oss til slutt frå Florin Court og gjekk bort til Barbican Centre der me skulle sjå musikalen Kiss Me, Kate. I år som for to år sidan, då me såg musikalen Anyting Goes på den same plassen, var det tekst og musikk av Cole Porter – eit litt artig samantreff. Sidan me hadde litt tid til overs før musikalen, sat me ute i parken som på ein måte ligg midt i senteret. Betongbrutalisme med palmar, små fontenar, mange benkar og yrane folkeliv – Barbican Centre blei for ein tjue års tid sidan kåra til Londons styggaste bygg, men det er likevel ganske kult med teaterscene, restaurantar, kunstgalleri med meir. Shakespeare-gangstarar, to eks-ar som skal spele kjærastar på scena (altså, eit skodespel i eit skodespel), ordentlege divanykker og veldig stilig koreografi, musikalen var fullstappa med intrigar og forviklingar. Latteren sat laust og det var rett og slett ein kjempemorosam kveld!

21. aug. 2024

Regnfulle seinsommardagar





Regndropar i fleng. Våte dagar her i byen dei siste dagane. Grått lys. Samstundes er det noko fint med dropane som legg seg på blomane og på graset, eit blad på asfalten har små vassperler og vatnet som renn nedover stovevindauget. Noko fredfullt ved det heile, vatnet som fell ned frå himmelen.

20. aug. 2024

56B, Whitehaven Mansions




Kjenner du igjen bygget? Som vanleg når me er ute på tur, blir det eit litterært stopp eller to, og med art deco-bygget Florin Court, er figuren litterær og sjølve bygget frå ein kjent TV-serie basert på bøkene. For mange av oss er det meir kjent under 56B, Whitehaven Mansion, og personen som budde der, hadde eggeforma hovud og ein særeigen bart. "It is I, Hercule Poirot". Florin Court frå 1936 figurerer som Whitehaven Mansions i ein del av episodane i TV-serien Poirot (1989-2013. Bygget ligg berre ti minutt unna Barbican der me skulle sjå musikal, så før musikalen, stakk me bortom bustadskomplekset og beundra det ei lita stund. Kanskje sat Poirot der inne?!

Mot London under kanalen



Reiste frå Utrecht etter to heile dagar i byen, og neste mål var London. Stod opp halvtidleg, for toget gkekk frå stasjonen ti på halv ti. Ruta var Utrecht-Rotterdam-Brussel før me sjekka inn på Eurostar-terminalen i Brussel. Lesing på toga blei det – som vanleg – og så må eg smile litt av minnet om at me klarte å setje oss i feil vogn: me hadde visst funne sete på fyrste klasse. Heldigvis sa konduktøren frå til oss på ein veldig høfleg måte, og me fann fram til riktig vogn. På Eurostar-terminalen hadde me greitt med tid, me åt litt lunsj og eg knipsa eit bilete av Tintin-suvenirar. Kulaste Terry, eller Milou som hunden heiter på fransk. Toget stod etter kvart klart på perrongen, på veg til London.
 



Toget mellom London og Brussel tar dryge to timar, og eg er faktisk usikker på om landskapsbileta over er frå før eller etter at me kryssa kanalen. Det seier vel kanskje noko om turen, for det er ikkje ein togtur der det er så altfor mykje å sjå ut vinduaget; då var det godt å ha bøker på lesebrettet ;) Toget ankom St Pancras stasjon, klokka fire lokal tid, og me kom oss til hotellet der me skulle bu to netter. Skifta, åt ein enkel middag og utpå kvelden var det musikaltid – den fyrste av totalt tre!