28. mai 2024

Ta ein (mat)pause


Viss du nokon gong køyrer forbi Sokndal og Hauge i Dalane og kjenner at no skulle du gjerne ha hatt ein pause, vil eg varmt anbefale TAKEaBREAK. Om du "berre" treng ein liten kaffitår eller ein større lunsj, så er dette plassen. Før me drakk kvar vår gode cappuccino og hadde noko søtt attåt, åt me ein ypperleg club sandwich til lunsj. Atmosfæren er superkoseleg, lukta av nysteikte kanelbollar, og for ein bra service! Me rakk til og med å lese litt i kvar vår bok før me sette snuten heimover.

Legg igjen ein fin tanke