22. mai 2024

Sogndalstrand





Etter å ha opplevd Helleren, køyrde me same vegen som me kom. Strake vegen heim til Stavanger tok me ikkje, for me ville innom Sogndalstrand, ei freda tettgrend i Sokndal kommune. Sjølv om det ikkje var (eller er) heilt sesong og sola ikkje stod høgt på himmelen, var det superkoseleg å traske i denne grenda. Blondegardiner i vindauga, fargerike dører, små bokhus utanfor husa og gamle skilt.










To små galleri var opne, og det var mykje fint å sjå der inne sjølv om me ikkje kjøpte noko denne gongen. Bøker i vindauga, ein knalloransje pyntesykkel, koselege båthus og ein endå meir koseleg hage. Etter kvart byrja det å bli litt småkaldt og me sa takk for no til fine Sogndalstrand.

Legg igjen ein fin tanke