7. mai 2024

Koselege Egersund




Til jul fekk mannen min eit gåvekort frå meg på eit beløp til ei valfri overnatting. Eller, nesten valfri, for eg hadde plukka ut tre forslag. Valet fall til slutt på Grand Hotell i Egersund, og laurdagsmorgon rett etter frukost, køyrde me av garde. Å, koselege Egersund med alle sine trehus i herlege fargar. Lunsjen tok me på eit enkelt bakeri, medan me tok kaffipausen på Mocca kaffebar. Delte eit sjokoladekakestykke og drakk kvar vår knallgode cappuccino. Likte godt atmosfæren der, og det gjorde eg også inne på sjokoladefabrikken med sine retromøblar sjølv om me ikkje tok kaffipausen der (biletet til høyre i kollasjen er frå Mocca). Kjøpte eit par konfektbitar til å ta med heim.





Rusla rundt i byen hand i hand. Som vanleg når me er i ei ny by, stakk me innom det lokale biblioteket, noko som alltid er like koseleg. Sennepsgule hus, ornamenterte vindaugssprosser, kulaste sykkelparkeringa og måtte verkeleg smile då me såg ei lita "walk of fame" med Tønes som ei av stjernene. Ein av dei koselegaste plassane var den lille bakgarden til Dalane kunst og håndverk. På den grå fuglekassa var det til og med ein liten lapp: "Blåmeis ruger her. Selges derfor IKKE.". Ååå, så søtt! Me har jo vore i byen før når det er julemarknad, men dette var vår fyrste gong der me berre traska rundt og hadde god tid til å uforske dei små gatene. Klagar ikkje på ein slik laurdag.

Legg igjen ein fin tanke