26. mai 2024

Utepizza på ein frimåndag




Merkeleg veke med tre dagar fri, så tre dagar jobb og ein liten fridag i dag. Kan ikkje skryte av å ha gjort så mykje i dag, verken ute eller inne, men det er no slik det blir etter ein jobblaurdag. Om ikkje anna har eg lese mykje (når bøkene gir slik leselyst, eg berre diggar det!), og me var ute på ein miniluftetur. Jaggu var det klamt! Håper det kjem litt regn i løpet av natta. Terrassemiddag med familien, sykkelturane tur-retur jobb, treffe kjentfolk, balkonglesing og mykje lesing generelt. Eigentleg ikkje noko nytt der, tihi. Skal snart finne senga, vekas sundagsliste ser slik ut:
 
passe feelgood med boka Lesesirkelen ved verdens ende av Frida Skybäck 
lage kvar vår lille pizza, steike den i pizzaomn og ete den ute på terrassen på Sola
og før me køyrde heim for kvelden, blei det eit par rundar med "UNO Flip"
Haru er enno søt, men han var skikkeleg sukkersøt som liten
tinge endå meir i samband med årets sommarferie
varm solnedgang på veg heim frå orkesterøvinga
blomane langs jobbvegen min
ho, ho, som eg kjenner meg igjen i denne lille teikneseriestripa om det å ha ein lesehaug ;)
sitje ute på balkongen og lese ei lita stund ein av fridagane mine 
småhumre av sesongpremieren på Huskestue
Þrídrangar fyr ligg for seg sjølv langt ute i havgapet, eit fascinerande syn
sykle frå jobb og nesten stoppe heilt, titte opp på trea og nyte fuglane som syng
laurdagspizza og endeleg sjå klassikaren The Silence of the Lambs
og det var godt å ha strikketøyet i fanget når spenninga blei for stor (boka gjeld for heile helga)
noko dårleg kvalitet, men Brødrene Dals parodi på "Chirpy Chirpy Cheep Cheep" er så morosam!
tulipanar i så mange fargar i den botaniske hagen
kartsmykket mitt med omriss av nydelege Prince Edward Island 
stilig kombinasjon av songane "Shallow" og "Sound of Silence"
Clare Mackintoshs Løgnernes spill, var ei god og salig blanding av absurditet og spenning
treffe på fleire fine kjenningar på jobb i løpet av dei tre dagane
kanskje ikkje den beste i trilogien, men kjekt å lese siste boka om Tue

Legg igjen ein fin tanke