12. mai 2024

Tusenfryd i graset og på jobb




Jobba annankvar dag denne veka, for sånn blir det ofte i mai når heilagdagane kjem både titt og ofte. To av dagane jobba eg kveld, og der den eine var superroleg, var den andre nokså travel. Tysdagskveld var me i Sandnes for orkesterøving, noko me ofte er. Sjølve øvinga var kjekk og eg trur det blir ein bra konsert i juni. Elles var jo torsdag fri (himmelspretten), og fredag etter jobb var eg heime hos ei veninne frå Vitenfabrikken i lag med to andre. Kjempekoseleg å sjå dei igjen, prate og le, og eg var ikkje heime for klokka var godt over ti. I går og i dag har vore dagar med mykje lesing, solskin, liten sykkeltur, koppar med kaffi og generell helgestemning. Snart er det måndag:

Mord etter alfabetet av Agatha Christie sluttar aldri å fascinere!
ei klynge av fine tusenfryd
å nyte dei vakraste blomane på trea så lenge dei er her
og apropos tusenfryd: koseleg dikt om blomane som ein kunde på jobb gav oss 
så gøy å sjå alt det går an å bake i The Great British Bake Off
eksplosjon av grønt rundt Mosvatnet
sykle heim etter kveldsvakta i dagslys – er så godt med lysare dagar
godgjengen av kattar: Haru er den besteste storebroren, og alle er så morosamme og søte
ha på meg piggsvinsokkane på jobb (hadde jo sko på, altså, måtte smile litt likevel)
Clare Keegans Tre lys er ei lita bok ang. sidetalet, men det står skrive så mykje mellom linjene
byrje å planleggje årets sommarferie
tihi, smiler godt av denne lille, kule og søte togbana i ein koffert
likte godt Gunnars rekordbok av Anders Totland
balkonglesing no i helga
laurdagspizza, bra film og spele litt "Azul" til slutt 
høyre på dataspelmusikklista vår som me laga på Spotify etter SSO-konserten 
og "A World Divided" med fløytesoloen i byrjinga er ein av dei finaste songane
desse utgåvene av Anne-bøkene er heilt utruleg vakre
liten sykkeltur i går til UiS og den økologiske garden
spele ferdig Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen i lag med min betre halvdel
fredagskveld med tre gode venar frå Vitenfabrikken, noko godt til kaffien og Totoro-matroyshkaen

Legg igjen ein fin tanke