19. mai 2024

Breie smil av bøker og godvêr




Langhelg i mai, eg klagar ikkje. Sjeldan det er såpass inneklemte dagar, og med nydeleg vêr, er det som ein miniferie. Dagane på jobb har vore nokså rolege, for med ein gong det er sol og fint her i byen, er folk heller ute enn å vere inne på eit kjøpesenter (eg skjønner dei godt). Når ein jobbar midt inne i eit senter, er det ikkje mykje ein ser til solskinet, men desto viktigare er det – i alle fall for min del – å nyte sola medan ein syklar eller går til jobb, ta litt av kveldslesinga ute på balkongen. Feiringa av 17. mai var heilt i vår gate. I går gjorde me lite (fekk no lese ganske mykje), medan me i dag var ute og gjekk tur i arboretet med krøllebølle og broremann. Bra sundag, og fleire kjekke ting:
 
hi, hi, som eg lo for meg sjølv då eg las Stompa og Co, den fyrste i serien om gjengen på Langåsen 
Balto har jo vore hos oss i helga, og han er no eit lite sjarmtroll når han berre vil
rosa, blomstrete allé ved universitetet, så utruleg vakker!
altså, alle desse flotte utgåvene av Anne of Green Gables, sukk...
Per Dybvigs De står i kø er ei morosam bok med dei kulaste karakterane
geitekillingane som me såg på Sola er innmari søte
synest også at den eine gaveposen på jobb er litt søt
og når me snakkar om geiter: sjå så nusselege dei er på Sunflower Farm, dei sprett og dansar rundt
og så streken til Dybvig frå nemnde bok – ein må jo berre smile
Tretti dager i Paris av Veronica Henry, akkurat passe feelgood 
polsk bunad frå Cieszyn – sett inne hos Ei blå stugu –  ganske så stilig
gå til jobb via Mosvatnet, titte opp på den blå himmelen og dei grøne trea
høyre fuglane syngje både til og frå jobb
bunad (70 år neste år!), krøllebølle, flott vêr og sidan ei bra 17. mai-feiring med ein fin gjeng
tur og piknik i arboretet tidlegare i dag
orkesterøving på tysdag, spennande å teste ut eit nytt stykke (sjølv om det ikkje var heilt min stil)
å sykle til jobb torsdagsmorgon i skjørt og berre leggar
"Top 10 Catchiest Songs from Classic Broadway Musicals" – frå mellom anna The Sound of Music
heimelaga latte og endå ei bok av Veronica Henry, nemleg Impulskjøpet
prate lenge på jobb med ei eg studerte litt i lag med, superkoseleg å sjå ho igjen
så smått byrje å tinge togbillettar og slikt til sommarferien

Legg igjen ein fin tanke