17. mai 2024

Ei med sølje og to med sløyfe 🇳🇴




Som i fjor, vakna me til korpsmusikk i dag tidleg. Titta ut vindauget og fekk auge på korpset, eigentleg ein ganske koseleg måte å starte dagen på måtte titte ut soveromsvindauget. Treig start på dagen med god frukost, quiz, kaffi og lesing. Krøllebølle kom hit i går, og han skal vere her i langhelga. Så då me endeleg hadde fått på oss finstasen, var det på tide å ta eit par bilete. Tihi, Balto var pynta med sløyfe, og sjølv om me ikkje alle såg i kameraet samstundes, blei det eit par kule bilete




I halv eitt-tida, gjekk me alle tre bort til eit venepar, dei me fleire gongar før har feira dagen i lag med. Kjempekoseleg at dei stadig inviterer! Me var ein akkurat passe stor gjeng, og det blei fyrst god lunsj, sidan kake x3 og praten gjekk i eitt. Varmerekord her i Stavanger i dag (altså, den varmaste 17. mai, ikkje den varmaste temperaturen nokonsinne), og eg skal innrømme at det var varmt i bunad. Ja, venane våre hadde til og med diskutert om eg kom til å ha på meg bunaden eller ei ;) Men det er ikkje så ofte eg får sjansen til å ha på meg den finaste bunaden, plagget som om ikkje lenge er heile sytti år! Og sjølv om me ikkje spelte lenge i år, var det gøy å teste plendart igjen. Gjekk heim utpå ettermiddagen, av med finstasen og berre tatt det heilt med ro. Pasta carbonara er blitt ein middagstradisjon på nasjonaldagen, men sidan me var nokså mette, blei det ein sein middag. Takksam for å feire dagen saman med ein slik godgjeng. på ein passe lågterskel måte. Å kunne feire nasjonaldagen i det heile tatt, med alt som skjer rundt oss i verda for tida, eg veit ikkje om me heilt veit kor heldige me er. Og sjølv om dagen snart er over: hipp, hipp hurra og gratulerer med dagen!

Legg igjen ein fin tanke