6. nov. 2022

Alltid lesing og strikking




November er her for fullt, og fleire av dagane har vore grå og regntunge. Men lesinga og strikkinga gjer at det ikkje kjennast så ille og det er stadig nye ting å lære på jobb. Eg må innrømme at det er ein annan kvardag no når døgnrytmen er meir stabil (ikkje meir turnus), når eg får utfordra meg, av og til leike med LEGO og når ein kjenner at det generelt er kjekkare å gå på jobb. Fargane ute får meg til å stoppe opp sjølv om det regnar litt. Kunstbruksmesse og kaffibesøk er berre noko av det eg vil ta med meg som fine ting denne novemberveka, sleng med ein haug med mykje kjekt og rart:

om ikkje anna, så starta november med den vakraste soloppgangen
lese den fine og herlege The Charm Offensive
fikse erma på ein strikkagenser: eg strikka dei litt lengre, noko eg har tenkt på å gjere ei stund
"It's a sweep" – herleg klipp frå Oscar 2004 då Ringenes herre: Atter en konge vann 11 prisar
å, blir ekstra varm om hjartet av å sjå at biblioteket set fram finaste Den hemmelige hagen
finurleg bok om kulturkrasj og det å starte eit nytt liv 
himmelblå blondetopp, arva smykke etter grandtante og øyredobbar laga av Angélica León
stort haustblad 
mykje strikketid no i dag
"Årets mest undervurderte måned" – bra skrive om november og kva me bør gjere når den er her
stikke innom årets Solamesse, der fann me fleire flotte julegåver
litt ekstra kjekt var det å helse på tante som var der med sine vakre nuperelleting
sjå ferdig den fyrste av dei tre Hobbiten-filmane
og høyre "Song of the Lonely Mountain" med Neil Finn medan rulleteksten gjekk
lage heimelaga scones og clotted cream
og kjempekoseleg å besøke eit venepar etter jobb på torsdag, så mykje god prat og herleg latter
ete scones- og clotte cream-restar hos broremann i går
gult og gyllent haustlauv som ligg på bakken der eg går på veg til toget etter jobb
fargepalettar frå mange kule filmar, mellom anna frå Forrest Gump og Moonrise Kingdom
ser stadig nye mønster i kaleidoskopet på Abelloftet
måtte ta ein mindre seriøs selfie med fabrikkens skjelett og Halloween-pynta hårband ;)
Can You See Me? kjem til å stå igjen som ei av mine favorittbøker

Legg igjen ein fin tanke