2. nov. 2022

Yorkshire Dales








Utsikt over finaste Settle! Den dagen me var i byen, hadde me sett av dagen til å gå ein tur i området. Settle ligg som nemnt i Yorkshire Dales, ein stor nasjonalpark full av turar og naturopplevingar. Malham Cove og Gordale Scar hadde me fått anbefalt av dei som eig vertshuset i Piagnton, men det blei for lang unna for oss som ikkje hadde bil og lite kollektivtrafikk. Men tur blei det likevel! Traska rett opp frå hotellet, og det tok ikkje lang tid før me var ordentleg ute på den engelske landsbygda. Mannen min hadde funne ei løype me kunne gå, og vel, det tok ikkje lang tid før me hadde mista stien. Her i landet er me jo vande med at mange av turløypene er merka med ein stor. raud T – ikkje der borte. Me fekk hjelp av to herlege, eldre damer på tur med hunande sine, og etter det var me på rett veg resten av turen. Søte sauar i fleire fargar såg me overalt, og innimellom måtte me berre stoppe opp og nyte landskapet. Som tatt ut av serien Heartbeat eller All Creatures Great and Small.




Litt overskya var det, likevel var det godt å få brukt kroppen etter ein lang togtur dagen før. Totalt den dagen gjekk me over ei mil! I løpet av turen fekk me sett meir enn "bere" sauar, me fekk også nokre grotter, meir om dei i neste blogginnlegg. Løypa tok oss gjennom fleire jorde, og på det eine var det fleire kuar med kalvar som gjekk og traska. Ein skal vere forsiktig og ikkje komme for nærme, og me prøvde å ikkje bruke for lang tid på det jordet. Knipsa eit lite bilete før me gjekk vidare, for det er ikkje berre sauane som er søte. Mot slutten av turen fekk me sjå sauar som blei sluppe ut på eit nytt jorde. Dei sprang og såg så glade ut, nesten som vårslepp.

Legg igjen ein fin tanke