15. nov. 2022

Kendal


Riggedag på jobben denne tysdagen: i morgon er det Girl Tech Fest på heile huset og timane i dag fauk av garde med alt som skulle gjerast. Her heime har eg slappa av med ei bok etter jobb, hatt gode vårrullar til middag og no vil eg fortsetje å ta eit tilbakeblikk på togturen vår i England i sommar. Fyrste heile dagen i Kendal var me stort sett i sentrum, titta innom fine butikkar, beundra alle dei flotte husa med fargerike dører, var ordentlege turistar og tok bilete ved postkassa på eit hjørne som var inspirasjonen til postkontoret i (sjølvaste) Postmann Pat-serien. Måtte så klart innom ein kafé og då åt me gode scones med tilbehør på Farrers Tea & Coffe House. Eg hadde kaffi og han tok te. Ingenting å klage på der, og dei gamle teboksane ved inngangen var superstilige.


I byen har dei eit eiga kvekarmuseum som heiter Quaker Tapestry Museum. Det var fyrst og fremst handverket som gjorde at eg ville ta ein tur innom, for eg kan ikkje påstå at eg kjenner til kvekaranes historie. Men for eit unikt handverk! På byrjinga av åtti-talet var det ein som starta med å brodere ein del av deira historie, og eit lite panel blei over fleire år til nærmare åtti, laga av over 4000 personar frå femten forskjellige land. Detaljane som er brodert inn i desse bileta er utrulege, tenk kor mange timar som har gått med til å fortelje kvekarhistoria på denne måten!


Ingen Englandstur utan å besøke ruinar; me gjorde det jo også då me var i Whitby for fire år sidan. No var det Kendal Castle, ein borgruin frå 1200-talet. Vêret var litt grått og trist, men det var stas å utforske dei gamle ruinane likevel. Ruinane ligg på ein topp, og frå eit utkikksstad fekk me sjå utover byen og dei engelske heiene. Grønt og flatt, samstundes så fint. Og alle dei smale, høge husa.

Legg igjen ein fin tanke