14. nov. 2022

Lyndhurst Guest House




Startar veka med eit lite besøk til eit supertriveleg vertshus. Om du måtte lure, så er det ikkje ein plass me besøkte no i helga, me må tilbake til juli og England. Etter Settle var reisemålet Kendal og Lake District. Knallfine togturar, men ein del styr å komme seg frå togstasjonen og bort til vertshuset: toget stoppa ikkje på den stasjonen me tenkte å gå av på og bussane som kunne ha tatt oss med inn til sentrum, gjekk ikkje den dagen grunna vegarbeid. Men me kom oss fram etter å ha gått ein dryg halvtime, og Lyndhurst Guest House var heimekoseleg frå fyrste stund. Handteikna kart over byen, hekla trekk rundt varmeflaska (den trong me heldigvis ikkje midt på sommaren), bestemorsrutete pute og anna kult interiør som var hekla. Yvonne som driv Lyndhurst er ei sprek og herleg dame, og det er litt av ein frukost du får der om du tinger den ein dag på førehand.








Utpå ettermiddagen traska me litt rundt i sentrum og såg oss omkring. Flisekunst på ein vegg og smale smug, fekk litt assosiasjonar til The Shambles i York.  Hi, hi, såg at ei av gatene faktisk heiter Old Shambles. Etter forslag frå Yvonne, tok me middagen på Ye Olde Fleece Inn. Lun atmosfære, god mat og drikke (hylleblomstbrusen var knallgod) og me slappa ordentleg av etter ein reisedag.

Legg igjen ein fin tanke