11. nov. 2022

Togtur gjennom ein nasjonalpark




Sjølv i gråvêr. Sjølv då er det fint å køyre toget gjennom landskapet i Yorkshire. To gongar har me vore på ferie i det området, sett den engelske landsbygda og mange koselege småstadar, enno er eg ikkje lei. Dagen etter grottetur og vår lille utflukt til viadukten, skulle me frå Settle til Kendal i Lake District, ein annan nasjonalpark. Med bil er det under ein time mellom byane, men med tog er det ikkje fullt så enkelt. Sidan me måtte bytte tog og styre litt uansett kva veg me tok toget, endte me opp med å ta Settle-Carlisle-jernbana, gjennom Yorkshire Dales nordover nesten opp til Skottland og sidan sørover igjen til Kendal og Lake District. Me køyrde over Ribblehead viadukt, såg grøne landskap fyke forbi, heier og små hus – vakraste Yorkshire, til og med på ein gråvêrsdag.

Legg igjen ein fin tanke