11. nov. 2022

I ringens fantasiverd







Når las eg Ringenes herre-trilogien for fyrste gong? Eg hugsar ikkje, men det eg hugsar er at eg fekk alle tre bøkene i eitt bind til jul ein gong rett rundt då den siste filmen kom ut på kino. Mamma og pappa hadde handla i ein bokhandel og hadde tatt med seg ein ekstra pose heim. Oppi den låg altså heile trilogien! Dei gjekk tilbake, men det var ingen som hadde sakna boka og slik hamna den i bokhylla mi. Las Hobbiten fyrst (lånte boka på biblioteket den gongen, boka på biletet er mannen min si), sidan trilogien og måtte jo sjå filmane. Har lese bøkene ein gong til, men no er det lenge sidan sis, kanskje det skal vere eit lesemål neste år?! ;) Filmane fekk eg plutseleg lyst til å sjå, for også det var lenge sidan. Over fleire helger har me i lag med broremann sett trilogien og verkeleg storkost oss. Tårene mine rann fleire gongar, men det er jo så klart slutten på Atter en konge som verkeleg får meg til å kjenne at eg slit. Songen som blir spelt når rulleteksten går, "Into the West", med Annie Lennox, er like sår og vakker no som då. Hugsar at dei fyrste gongane eg høyrde songen på radioen eller på ein CD, kom tårene med ein gong, veldig stor stas at songen Oscar for beste originale song. Og når det gjeld skodespelarane og deira venskap, berre må eg dele denne Zoom-samtalen. For ein herleg gjeng! No har me byrja på Hobbiten-filmane, og då må eg også nemne songen "The Last Goodbye" som Billy Boyd (aka hobbiten Pippin) skreiv til den siste filmen. I ein podcastepiode fortell Billy om kor han henta inspirasjonen frå og korleis han skreiv songen. Stemma hans, teksten og kva den tydar, den nydeleg melodien og heile stemninga, sukk. Det er vakkert!

Legg igjen ein fin tanke