13. nov. 2022

Musikaloppleving i ei halvtravel veke




Sundagskveld og eg veit ikkje om eg er klar for å starte på ei ny veke. Grasenke dei fyrste dagane av denne veka, sidan rigging og ein del organisering på jobb i samband med konkurransen First LEGO League. Og i går...å sjå musikalen Så som i himmelen i konserthuset i lag med ei veninne var ei oppleving eg vil bere med med lenge. Lo og grein om kvarandre gjennom nesten tre timar, og då eg kom heim, var eg heilt utlada. I dag var me på Sola midt på dagen for å feire farsdagen, og det blei kake, gåver og mykje prat og latter. Dagane denne veka har altså gått nesten litt for fort, eg hadde ikkje sagt nei til ein ekstra fridag. Men pyttsann, måndagen kjem uansett og så lenge eg kan slappe av med ei bok for ei lita stund kvar dag, er det heilt greitt at nokre dagar går fortare enn andre. Skal ikkje skrive meir no, kos deg heller med alle punkta eg har skrapt saman frå desse dagane:
 
lese ut Olav H. Hauges vakraste dikt og ta ein sniktitt på vårt nye, knallfine nuperellebilete
tursko og ein heil haug gylne, brune haustblad
to fine innlegg inne hos Et katteliv: dette om forskjellige små, fine gleder og dette om "novent"
solskinet inn på hylla med den fargerike keramikkskåla
strikke meir med det herlege garnet frå Oslo Mikrospinneri 
japansk kunstnar med dei kulaste miniatyrdioramaane
vekas symmetri på Abelloftet
Haru som leiker med den han bur hos
LEGO-konkurranse på jobb for skuleklassar
svømme i Austrått svømmehall i lag med ein kollega etter jobb
høyre Øystein Sundes "Kjekt å ha" på radioen i bussen på veg heim frå jobb torsdagskveld
fascinerande lesing om Rasmus Sørnes frå Sola som laga fire astronomiske klokker
endå ei undrande og mystisk bok frå Patrick Modiano: Usynlig blekk
ha på ein flott kongeblå kjole og ta bilete av den med ein kul vegg som bakgrunn ved konserthuset
Anna som set ord på novemberbluesen
lesing på toget på veg heim frå jobb medan sola byrja å gå ned over fjorden
feire farsdagen i lag med ein finfin gjeng
støtte Skolekorpset Sola då me var heimom i dag, kult med gode matvarer og koselege oppskrifter
songane "Come What May" og "You Raise Me Up" med Luke Evans
laurdagstaco og byrje på den andre Hobbiten-filmen 
gulgylne haustblad mot ein lyseblå himmel
sjå musikalen Så som i himmelen i går med ei god veninne, vil høyre songane om og om igjen!

Legg igjen ein fin tanke