31. jan. 2022

Høgtlesing av fine minne




Årets fyrste månad er snart over. Også i fjor skreiv me fleire lappar til å ha i minneglaset, og i går byrja me å lese eit par av dei. På ein måte kjennest det ikkje ut som om 2021 har vore – det gjekk liksom i eitt med 2020. Men det er rart med det, for når ein les høgt det som står på mange av lappane, er det likevel mykje bra me har gjort og opplevd i løpet av fjoråret. Til dømes ein dag i den stilige skulpturparken Kistefos. Framleis mange lappar til gode å lese, ein veldig koseleg tradisjon. Lurer på om me er på det tiande året med dette minneglaset. Enkel og samstundes ein finfin måte å oppsummere året som har gått på. God sjokolade og stearinlys, roleg musikk, han og og eg ♥︎

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så hjertevarmt og fint å lese dette blogginnlegget ♥ Og for en fin ting å gjøre for seg selv. Det blir jo som en minnebok som minner deg på alt fint man gjorde. Og jeg skjønner godt hva du mener med at det føles som at 2021 på en måte ikke har vært. Det ble bare en forlengelse av 2020. Jeg har også følt det sånn. Men samtidig har jeg brukt bloggen min flittig til å minnes alt vi faktisk har gjort. Og det er mange fine ting som du sier ;)

Silje sa...

For oss har dette blitt ein fin og hjartevarm tradisjon ♥ Treng å bli påmint at det oppi alt har vore mange gode stundet og kjekke opplevingar :)

Legg igjen ein fin tanke