28. jan. 2022

Skribleri på ein frifredag


Ventar berre på stormen. Det var ordentleg ruskevêr i går, og det er venta slikt vêr i alle fall i morgon også. Der det tidlegare i januar var mykje sol og turgåing, ser eg det no blir mest lesing, strikking og kosekrim på skjermen. Og vel, det blir kanskje ikkje bra blogginnlegg av slike dagar, men hygge er det. Telys i Mummi-englespelet, varme pledd og ei god bok fanget. Kanskje blir ikkje vêret så ille slik at me kan gå tur i helga, viss ikkje skal me slappe av inne, gjere dei siste dagane av januar så mjuke som mogleg. For eg skal innrømme at januar innimellom har vore tung, den eine dagen lys og fin, den neste full av regn og grått humør. Veit liksom ikkje frå dag til dag kva som ventar med nye restriksjonar, kanskje færre, om me blir sjuke på jobb når me er i kontakt med så mange badegjestar, om orkesteret kan byrje å øve til filmmusikkonserten – du skjønner teikninga. Takksam for at eg har ein stor lesehaug med gode bøker som eg kan drøyme meg bort i når eg treng det. Ein mann som stadig er der med ein varm armkrok og trøystande ord. Og i dag er det fredag, eg har heilt fri. Skal ingenting. Ingenting anna enn å kose meg med både lesinga og strikkinga.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Huff, det var virkelig et ille uvær dere fikk... Godt du er så flink å kose deg inne med levende lys, noe varmt å drikke, strikking, og fine bøker ♥

Silje sa...

Eg prøver å kose meg i alle fall, er ikkje alltid eg får det til, det må eg berre innrømme ;) Men seier sjeldan nei takk til å lese ei god bok og berre senke skuldrene ♥

Legg igjen ein fin tanke