21. jan. 2022

Vålandstårnet og ein runde i nærområdet vårt


Kvitt på bakken ute. Berre bittelitt dei siste dagane, og no er det i ferd med å forsvinne heilt. Kvitt var det ikkje i helga då me gjekk ein minitur i vårt kjære nabolag. Kanskje ikkje det aller finaste vêret den sundagen, men likevel var det godt å komme seg ut. Frisk luft gjer alltid godt, i alle fall når hovudet kjennest tungt og ein berre har vore inne dagen før. Traska opp til Vålandstårnet og titta utover byen vår. Gjekk ned til Vålandsparken, vidare over motorvegen og sidan nesten ein heil runde rundt Mosvatnet. Prøvde å fange det spesielle lyset over vatnet, og alléen rundt er fin både vinter og sommar. Og dei koselege endene. Å, ein slik liten sundagstur i godt selskap var akkurat det eg trong i helga. Fredag er her, for min del blir det å jobbe i kveld og heile helga. Spent på kor mange som kjem for å bade, for sjølv om me ikkje har bookingsystemet lenger, er det jo eit øvre tak på antal personar inne på anlegget om gongen. Kryssar fingrane for at køen ikkje blir altfor lang. 

Legg igjen ein fin tanke