Måndag. Ei ny veke i eit nytt år. Hei og hå, eg startar veka med kveldsvakt, noko som betyr ein roleg morgon med lesing, kaffi og kanskje litt strikking. Aisatos illustrasjonar er med meg denne veka også, for me la nyleg ferdig dette puslespelet. Då eg kom over hennar puslespel i ein butikk i haust, kunne eg ikkje la vere å kjøpe eit og ta det med heim. Vanskeleg å velje berre eit, men valet fall til slutt på "Boktatt", ein av illustrasjonane frå boka Jenta som ville redde bøkene av Klaus Hagerup og Aisato. Kjenner meg veldig igjen i jenta som sit på ein haug med bøker, heilt i si eiga verd. Ei bok i fanget som nesten sluker ho, ei bok ho sluker. No som me har pusla det ferdig, klarer eg ikkje å ta det frå kvarandre, og dette blir det fyrste puslespelet me skal prøve å ramme inn. For så fint er det.
3. jan. 2022
Boktatt 📖

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke