2. feb. 2022

Dunete greiner


Sykla heim frå jobben i dag då eg plutseleg måtte stoppe og gå av sykkelen. Der, eit par meter unna sykkelstien, såg eg eit tre med gåsungar på greinene. Andre februar og det aller fyrste vårteiknet. Etter ein dag med nettkurs i fleire timar, var dette ei varmt og velkomment syn. Kanskje litt tidleg, men det er vel ikkje så lenge til eg kan byrje å sjå etter snøklokkene, det vakraste vårteiknet av dei alle. Eg kryssar fingrane for lysare tider no. Blir ikkje så sein i kveld sidan eg har morgonskiftet, men å høyre på musikk og lese i ei bok eller to, det skal eg ta meg tid til før senga kallar. 

Legg igjen ein fin tanke