Storm i kasta og hurramegrundt. Ingen løyndom at me stort sett har vore inne i helga med det vêret som har vore, akkurat slik eg skreiv for to dagar sidan. Fredagsettermiddag tok me i tillegg tredje vaksinedose, og formen i går var ikkje heilt på topp – me var ikkje ordentleg dårlege eller noko, men litt daffe var me og begge kjente at armen var øm. I dag har me tatt ein tur ut av leilegheita for å øve og hente nye bøker. For min del var det jobb måndag, tysdag og onsdag og sidan fri. Mest lesing (er i gong med fleire gode bøker for tida og eg koser meg veldig), noko strikking, kvardagsglede i hente det me har kjøpt på REKO-ringen og rolege innedagar. Snart er det måndag og ei ny veke, og for min del startar den tidleg sidan eg byrjar på morgonskiftet. Har ikkje meir å skrive, her er mi veke:
✦ ta tredje stikk
✦ etter stormen: glad av å sjå sola lage skuggespel på Christie-bøkene mine
✦ spele eit par rundar med "Bezzerwizzer" i lag med mannen min og broremann
✦ kanskje ikkje den beste krimboka, men Langsom ild var til tider spennande
✦ stilig med ein kaffikopp på ein vegg her i byen
✦ fleire episodar av Verda rundt på skjener med sir Tony Robinson er no ute på NRK Nett-TV
✦ så å seie strikke ferdig den kjoletunikaen eg byrja på i desember
✦ REKO-ringen på torsdag der me handla forskjellige matvarer, og så mange koselege skilt
✦ stille morgonar med bok og stearinlys
✦ "Top 10 Reasons Why Harry Potter is Still So Beloved" – fordi HP var mi ungdomstid
✦ lese ut 500 Miles from You, den siste boka i Scottish Bookshop-trilogien av Jenny Colgan
✦ Trekronå på Ogna – å, tenk å få oppleve ei natt her
✦ lar meg nok ein gong fascinere av Jonna sitt liv med ein ny vlog
✦ smakte godt med laurdagspizza og filmen Møtet på valmueåsen var akkurat passe søt og morosam
✦ komme i gong med å lage fotobok frå fjorårets biltur
✦ at nokon som Siri Sunde banar veg for kjærleiken
✦ Patricia Routledge er berre herleg som Hetty i kosekrimserien Hetty Wainthropp Investigates
✦ blir både rørt og glad av å sjå denne bittelille pusen som kjem fram frå ein busk og får ein heim
✦ byrje å øve på notane til filmmusikkonserten me skal spele med orkesteret i slutten av mars
✦ Obie is Man Enough av Schuyler Bailar er ei knallbra bok om kjønn og identitet på idrettsarenaen
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Ååå, som jeg koste meg med denne lista Silje ♥ Den var fullpakket med kjærlighet og fine ting. Og takk for gratulasjonen! Jeg ble kjempeglad for å lese om Ramona og Aaron sitt tilpassede bryllup, Jonna sin video var som vanlig fantastisk vakker, jeg ble så inspirert at jeg måtte sette på en Harry Potter-film, og den lille pusen... den stjal hjertet mitt fullstendig ♥ Jeg ble også så glad av å lese om at du har fått det tredje stikket og at dere benytter dere av REKO-ringen ;) Sånt varmer hjerte. Takk for både deg og den fine bloggen din Silje ♥ Stor klem fra nord.
Altså, kor skal eg starte?! Du er så generøs og god når du legg igjen fine tankar her på bloggen min, tusen takk, fine du ♥ Tredje stikk var godt å få unnagjort, og REKO-ringen er alltid noko me begge gleder oss til. Tihi, kanskje eg sjølv må setje på HP-filmane (eg sa det faktisk til mannen min då me såg lista), og både bryllaup og pus varma hjartet ♥ Sender deg og dine ein varm fredagsklem!
Legg igjen ein fin tanke